Årsmøtet for 2026 blei avhelde 24. mars på klubbhuset med ordinære årsmøtesaker.

Camilla Sundal Halnes blei nytt medlem av styret ( hovudstyret) og Andre Rafsol ny vara.

Ingen endring av gruppeleiarane.

Ingen endring av medlemskontingentane.

Referat frå årsmøtet 24.03.2026

Det vert årsmøte i Haugen idrettslag tysdag 24.03.2026 kl 20 i klubbhuset.
Saker som skal handsamast på årsmøtet må være styret i hende seinast tysdag 10. mars.
Bruk postboks 137, vår postkasse hjå Vest Energiteknikk eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Saker vedrørande valet kan sendast til valnemda ved Trude Dalset, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Saksdokument blir lagt ut her etterkvart.

Deltaking på årsmøtet krev gyldig medlemsskap i idrettslaget.
Nye medlemmar må ha minst ein månads gyldig medlemsskap for å ha stemmerett på årsmøtet.

Styret


Sakliste

  1. Setting av møtet
    1. Leiar ynskjer velkomen
    2. Godkjenning av innkalling og sakliste
    3. Godkjenning av dei røysteføre
    4. Val
  1. Årsmeldingar
  2. Rekneskap
  3. Budsjett
  4. Medlemskontingent og treningsavgift
  5. Organisasjonsplan
  6. Val etter lovene

Søndag 1. mars arrangerer idrettslaget basar i Vårtun. Det blir åresal, litt servering samt trekking av loddbøkene. Gruppene vil som normalt gå rundt i bygda med loddbøker og selje lodd. 

Det vil også bli ei orientering om arbeidet med idrettshall på Haugen

Hovudgevinstar

  • 2 gåvekort på Amfi a kr 500,-
  • Kolonialkorg
  • Fenalår
  • Halv spekeskinke
  • Noko for born
  • Dagskort på Harpefossen

Program

15:30 Dørene opnast
16:00 Opning av basaren
  Åresal med trekking. 10 kr pr åre
  Åresal med trekking
  Sal av mat og drikke, skriving av loddbøker. 10 kr pr lodd
  Orientering om arbeidet med idrettshall
17:30 Trekking av loddbøker
18:00 Slutt