Haugen idrettslag har lufta tanken om å bygge ein idrettshall plassert ved Haugen skule. Ei nemd frå Haugen IL, FAU og HDBUL har arbeid med desse tankane og er no klar med ei skisse.
Å reise eit slikt bygg vil kreve mykje, ikkje berre av medlemmane i idrettslaget, men av heile bygda.
Den som finn desse tankane interessante er invitert til eit opent møte
Vårtun søndag 1. juni kl 18.
Arild Lillebø Opsal, Haugen IL
Solbjørg Haveland, FAU
Ole Aleksander Hopland, FAU
Ida Elisabeth Lien, HDBUL
Trine Meland, HDBUL