Søndag 22.oktober inviterar Harpefossen skisenter i samarbeid med Haugen IL langrenn og Stårheim IL skiskyttargruppe til aktivitetsdag for born i alderen 6 til 12 år, frå kl. 1300 - 1600. Då kan du få prøve rulleski, skiskyting og frisbeegolf! Ta med skisko, stavar og sykkelhjelm, rulleski får du låne.
Møt i varmestova for informasjon om aktivitetane som skiskyttargruppa, langrennsgruppa, alpingruppa og skisenteret har av tilbod som du kan vere med på denne vinteren ⛷️👍.
Kafeen i varmestova vil vere open og du kan få kjøpt kakao kaffi og vafler☕.
Velkomne til ein flott utedag på Harpefossen, og del gjerne dette med så mange du kan.

Medlemmar av Haugen IL har no høve til å søkje om stipend frå eit nyoppretta fond, Marit og Magne Dalseths minnefond. Les meir her

Laurdag 3. juni 2023 blei endelig handballanlegget på Klenkarberget offisielt opna gjennom ei turnering i beachhandball.  Arrangøren, Eid IL handball, har laga eit arrangement som samla mykje ungdom til leik og moro med 12 timar samanhengande handballspeling.
Det har gått ei stund sidan anlegget blei ferdig, allereie i 2014 blei anlegget prosjektert og søknad om spelemidlar sendt. Utbygging av anlegget blei vedteke av årsmøtet i Haugen idrettslag 9. mars 2015 og i 2016 stod det klart. 

Det var ein stor dag for idrettslaget og som bilda syner var det eit flott arrangement der leik og moro for born og ungdom stod i fokus.

 IMG 20230603 100717.1000x750

IMG 20230603 100851.1000x750

 

IMG 20230603 100530.1000x750

Turneringsleiar med dommarar.