Klenkarberget kl 20
Sakliste
- Setting av møtet
- Leiar ynskjer velkomen
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Godkjenning av dei røysteføre
- Val
- Årsmeldingar
- Rekneskap
- Budsjett
- Medlemskontingent og treningsavgift
- Organisasjonsplan
- Val etter lovene
Sak 1 Setting av møtet
- Leiar helsar velkomen
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Godkjenning av dei røysteføre
- Val av
- Møteleiar
- Skrivar
- To til å skrive under møteboka
Sak 2. Årsmeldingar
Viser til årsmeldingane
Tilråding frå hovudstyret
Dei framlagde årsmeldingane gjev eit sant bilde av aktiviteten og vert godkjente.
Orientering frå Harpefossen Skisenter AS
Sak 3. Rekneskap
Viser til rekneskapet og rapport frå kontrollutvalet.
- Rekneskapet
- Hovudstyret
- Alpingruppa
- Fotballgruppa
- Friidrettsgruppa
- Langrennsgruppa
- Idrettslaget
- Balansen
- Rapport frå kontrollutvalet
Tilråding frå hovudstyret
Det framlagde rekneskapet vert godkjent og underskotet på kr 90 046,- skal dekkast av eigenkapitalen.
Sak 4. Budsjett
Viser til budsjetta
- Hovudstyret
- Alpingruppa
- Fotballgruppa
- Friidrettsgruppa
- Langrennsgruppa
Tilråding frå hovudstyret
Dei framlagde budsjetta vert godkjente.
Sak 5. Medlemskontingent og treningsavgift
A: Medlemskontingent
Noverande satsar
For aktive/tillitsvalde under 18 år: | 100,- |
For aktive/tillitsvalde over 18 år: | 250,- |
For familie: | 450,- |
For støttemedlem: | 200,- |
Tilråding frå hovudstyret
For aktive under 18 år: | 100,- |
For aktive over 18 år: | 250,- |
For medlemmar med tillitsverv | 50,- |
For familie: | 450,- |
For støttemedlem: | 200,- |
B. Treningsavgift
Tilråding frå hovudstyret
Hovudstyret får fullmakt til å godkjenne treningsavgiftene i gruppene.
Sak 6. Organisasjonsplan
Tilråding frå hovudstyret
Eksisterande organisasjonsplanen er i samsvar med idrettslagets lov, idrettslagets organisering og særforbunda sin organisering og blir uendra.
Haugen idrettslag, organisasjonsplan
Planen er utforma på bakgrunn av idrettslagets lov og viser følgjande:
- Idrettslagets styre og faste utval.
- Gruppene til idrettslaget.
- Organisasjonar som idrettslaget har representantar til.
- Kva organ som vel/utnemnar dei ulike styra/utvala.
Haugen idrettslag har følgjande grupper
fotball, friidrett, ski, ski-langrenn og ski-alpint.
Utval og representantar som er knytt til eit styre blir utnemd av det styret.
Sak 7. Val etter lovene
Viser til innstillinga frå valnemda.