Det vert årsmøte i Haugen idrettslag torsdag 20.03.2025 kl 20 i klubbhuset.
Saker som skal handsamast på årsmøtet må være styret i hende seinast onsdag 5. mars.
Bruk postboks 137, vår postkasse hjå Vest Energiteknikk eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Saker vedrørande valet kan sendast til valnemda ved Trude Dalset, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Saksdokument blir lagt ut her etterkvart.
Deltaking på årsmøtet krev gyldig medlemsskap i idrettslaget.
Nye medlemmar må ha minst ein månads gyldig medlemsskap for å ha stemmerett på årsmøtet.
Styret
Klubbhuset vårt på Klenkarberget nærmar seg 40 år og vi er klar for ei naudsynt rehabilitering I tillegg skal vi auke lagerkapasiteten og gjere bygget universelt utforma.
Vi har fått midlar, byggeløyvet er på plass og vi treng dugnadsfolk.
Det vil bli eit informasjonsmøte i klubbhuset torsdag 13.02 kl 20-21.
Basaren sist søndag 27. var vellukka. Dei frammøtte tok ivrig lodd og skapte god stemning. Det blei seldt lodd og mat for omlag 40 000 kr som vil kome godt med for laget.
Stipend frå Marit og Magne Dalseths minnefond
Nytt av året var utdeling av stipend frå Marit og Magne Dalseths minnefond. Stipenda blei delte ut av Egil Haugland, styremedlem i fondet.
Følgjande stipend blei gjevne
| Ask Haughovd | 50.000 kr | |
| Marthe Lund Bjørhovde | 50 000 kr | |
| Trym Dalset Lødøen | 80 000 kr |
Vi gratulerar med vel fortente stipend.
Meir informasjon om minnefondet kan finnast i menyen over.

Frå venstre: Ronja Haughovd, Siri Lund, Øystein Lødøen og Egil Haugland
Side 4 av 25
