Rehabilitering av klubbhuset våren 2026
Vi er inne i siste halvår av rehabiliteringa som skal bli ferdig til 17. mai. Dugnaden startar opp att laurdag 17. januar. Håpar flest mogleg kan stille på ved behov. Av store oppgåver kan vi nemne
Utvendig
- Skifte bordkledning, dører og vindauger
- Lage rullestolsti
- Legge fast dekke framfor underetasjen.
Innvendig hovedetasje
- Flytte skilleveggar
- Skifte noko himling
- Sette opp att panel
- Male himling og panel
- Ordne nye toalett
Innvendig underetasje
- Ordne handicapgarderobe
- Legge nye rør
- Sparkle sprekkar
- Male veggar i gang, dommargarderobe og handicapgarderobe
- Montere lyddemping i tak
Idrettshall på Haugen
Forarbeidet til ein eventuell idrettshall plassert ved Haugen skule går sin gang og prosjektgruppa har fylgt opp folkemøtet frå 1.06.2025 og arbeider med finansiering. Utover spelemidlar treng prosjektet 10 mill kr, der noko bør kome lokalt. Nyleg blei det sendt ut skriv i bygda for å informere og kartlegge interessa for å bidra økonomisk og/eller med dugnad.
Den som ikkje bur i i bygda får også høve til å melde si interesse, sjå vedlegg.
Prosjektgruppa
Arild Lillebø Opsal, HIL.
Solbjørg Haveland, FAU.
Ole Alexander Hopland, FAU.
Trine Meland, HDBUL.
Ida E. Lien, HDBUL.
Side 1 av 48
