Møte i hovudstyret 29.04.2025
Klubbhuset kl 20
Saker
- Framdrifta på klubbhuset
- Vårdugnad
1. mai? - Treningstider
- Uttale til skikretsen, frist 30.04
- Harpefossen skisenter.
Tilskot til senteret? - Idrettshall på Haugen
Årsmøte 20.03.2025 Referat
Referatet frå årsmøtet er klart, Arsmote.HIL.2025.03.20.Referat.Signert.pdf
Merrk at referat frå årsmøter ligg under Idrettslaget/Årsmøter i hovudmenyen.
Kun ordinære årsmøtesaker blei handsama.
Hovudpunkt frå møtet
- Medlemskonbtingenten for medlemmar med tillitsverv er senka til 50 kr.
- Banenemda blei avvikla og oppgåvene lagt under fotballgruppa.
Elles blei hovudstyrtet attvald, likeeins gruppeleiarane
Sesongen 2024-2025 for Trym
Trym Dalset Lødøen er ein av Haugen sine utøverar på nasjonalt nivå og er på landslaget i randonnee. Randonne som kort fortalt handlar om å gå raskast opp og ned på eit fjell, er ein ung skisport og har blitt OL øvelse frå 2026.
![]() |
Her ser vi Trym heime i stova i Hjelmelandsdalen der han slappar av etter ein lang sesong. Sesongen starta i Frankrike med eit renn i Courchevel 14.-15. desember og blei avslutta med eit World Cup renn i Tromsø 13. april. Totalt har det vore 22 konkurransar og 75 reisedøgn. Høgdepunktet var VM i Sveits i Morgins 2.-9. mars der Trym også hadde si beste oppleving i sesongen. Det var under lagkonkurransen med eit flott landsskap, strålande ver og lang konkurranse noko som gav ein oppleving av fjelltur. Avslutninga i Tromsø var og ei fin oppleving med fint ver, storslått natur og mykje fin snø i motsening til dei isete løypene som har dominert sesongen.
Randonne er krevjande for utstyret og det har gått med 3 par ski denne sesongen for Trym.
Når Trym ikkje går på ski studerar han geologi. Han har ei bachelor grad frå Høgskulen på Vestlandet og er i gang med mastergraden på NTNU i Trondheim.
|
Side 3 av 48

