Ivrige løparar og grøne bøar
Onsdagens terrengløp på Klenkarberget føregikk i nydelig vårver med stor deltaking blant dei yngste. I alt deltok 63 personar.
Publikum var der også.
Nestlèleikane 14.-16. juni
Dette er eit aktivt og sosialt arrangement fylt med leik og moro for alle! På Nestlé-lekane (tidlegare Idrettsleikar) kan alle frå 1.-7. klasse (fødd 2006-2012) få prøve friidrett og oppleve meistring, idrettsglede og treningsfelleskap. Leikane vert arrangert fredags ettermiddag og på dagtid laurdag og søndag. Om ikkje alle dagane høver, er det mogleg å vere med på nokre av dagane.
Her er lenkja til påmeldinga: https://www.deltager.no/Idrettsleker/haugenidrettslag
Oppstart av fotballtrening for miniputt måndag 29. april 2019
Måndag 29. april startar fotballtrening for gruppa 2010-2011 og gruppa 2012-2013. Treningane vil være på Klenkarberget måndagar 17:30-18:30. Treningstider står forresten alltd i høgremargen under fotballgruppa sine sider. Oppmann for 2010-2011 er Ove Mikal Haveland.
Alle born i denne aldersgruppa er velkomne til dette lavterskeltilbodet. Treningsavgifta er ikkje fastlagt men vil bli lav, utenom det krevst eit medlemskontingent på 300 kr. Den som er medlem frå før treng naturligvis ikkje eit nytt medlemsskap. Vi oppmodar også føresette til å ta på seg organisatorisk arbeid så som oppmann/trenar/assistent for gruppa 2012-2013.
Page 9 of 22