Langrennsgruppa arrangerer aktivitetskveld torsdag 22 oktober 2026 kl 18:00
Vi ynskjer at alle som er nyskjerrig på langrenn eller skiskyting skal ta turen innom for å sjå korleis det er å trene med oss og prøve utstyret som vi nyttar fram til snøen kjem. Her vil alle kunne prøve rulleski, rollerblades og skyting blant anna. Hugs å ta med eigne skisko, hjelm om du har.
Oppmøte på parkeringsplassen ovanfor skiskyttarstadion på Harpefossen.
Langrennstrening for alle born frå 5 år.
Treningstider:
* Mandag kl 18-19: Styrketrening i gymsal på Stårheim skule for 5.klasse og eldre
* Torsdag kl 18-19: Langrennstrening på skiskyttarstadion ved Harpefossen
Fram til snøen kjem nyttar rulleski / rollerblades. Hugs hjelm og stavar i tillegg til skisko. Styrketreningane mandag er eit ekstratilbod for dei som ynskjer litt ekstra fokus på styrke.
Vi held kostnadane så lave vi kan og har ikkje treningsavgift.
Obligatorisk for alle som deltar på treningane våre:
* Medlemskap i Haugen IL, eventuelt Stårheim IL for dei som også er aktive på skiskyting.
* Innmelding i spond gruppa vår.
Vi brukar Spond for å planlegge treningane og renna våre. Listene i spond blir brukt i ein eventuell nødsitasjon der vi kjapt treng å komme i kontakt med foresatte til alle som er med på ei trening eller andre arrangement. Bruk koden WPCMJ for å melde deg inn (https://spond.com/invite/WPCMJ)
.
Innmelding i Haugen IL må gjerast av foresatt på NIF sine sider https://medlemskap.nif.no. Dette er spesielt viktig for at borna skal være forsikra ved eventuelle uhell i regi av våre arrangement.

