Tilråding frå hovudstyret

Haugen idrettslag har følgjande særidrettsgrupper

fotball, friidrett, ski-langrenn og ski-alpint. Sommarcamp held fram til 31.12.2021.

Planen viser

  • Gruppene til idrettslaget og kva styrer som høyrer med.
  • Organisasjonar som idrettslaget har representantar til.
  • Dei faste utvala til idrettslaget.
  • Kva organ som vel/utnemnar dei ulike styra/utvala

 

Utval og representantar som er knytt til eit styre blir utnemd av det styret.

Organisasjonsplan.HIL.2021

 

Bakgrunn

Styret i Sommarcamp og hovudstyret er samde i at Sommarcamp blir utskilt frå idrettslaget og blir eigen ideell organisasjon, men at aktiviteten held fram på Klenkarberget som før gjennom eit samarbeid med idrettslaget.

Tilråding frå hovudstyret

Sommarcamp blir lagt ned som gruppe i idrettslaget frå 1.01.2022. Hovudstyret får fullmakt til å overføre Sommarcamp sine eigendelar til den nye organisasjonen.

Bakgrunn

På grunn av manglande frivillige er det ikkje mogleg å få eit styre i handballgruppa.

Tilråding frå hovudstyret

Utan eit styre kan vi ikkje ha ei gruppe og handballgruppa må difor leggast ned.