Utskrift

Trym Dalset Lødøen er ein av Haugen sine utøverar på nasjonalt nivå og er på landslaget i randonnee. Randonne som kort fortalt handlar om å gå raskast opp og ned på eit fjell, er ein ung skisport og har blitt OL øvelse frå 2026.

 20250416 205449.800x1000

Her ser vi Trym heime i stova i Hjelmelandsdalen der han slappar av etter ein lang sesong.

Sesongen starta i Frankrike med eit renn i Courchevel 14.-15. desember og blei avslutta med eit World Cup renn i Tromsø 13. april. Totalt har det vore 22 konkurransar og 75 reisedøgn.

Høgdepunktet var VM i Sveits i Morgins 2.-9. mars der Trym også hadde si beste oppleving i sesongen. Det var under lagkonkurransen med eit flott landsskap, strålande ver og lang konkurranse noko som gav ein oppleving av fjelltur.   

Avslutninga i Tromsø var og ei fin oppleving med fint ver, storslått natur og mykje fin snø i motsening til dei isete løypene som har dominert sesongen.

 

Randonne er krevjande for utstyret og det har gått med 3 par ski denne sesongen for Trym.

 

Når Trym ikkje går på ski studerar han geologi. Han har ei bachelor grad frå Høgskulen på Vestlandet og er i gang med mastergraden på NTNU i Trondheim.


 

Sprint

Det er fleire disiplinar innan Randonne, men det er sprint som har blitt OL øvelse. Sprint foregår i ei kort løype, som oftast i eit alpinanlegg, med inntil 100 høgdemeter, noko som gjer øvelsen lett å arrangere. Dei beste plasseringane har Trym i denne disiplinen med 7. plass i U23 under VM, samt 12. plass Tromsø.


Lagkonkurranse

Lagkonkurransen er det ein disiplin der to stykker gar saman over ei lang og krevande løype, som er noko lenger enn ein vanleg individuell. Gjerne godt over 2000 høgdemeter og ei løpstid på rundt 2.5t.

 

No står snart sommarsesongen for tur med motbakkeløp og fjelløp, men fyrst er det nokre eksamener å gjennomføre.  Trym har som mål å kvalifisere seg til OL 2026.

Vi ynskjar Trym lukke til vidare.